|
|
Informasjon om skulen
|
Informasjon om skulen
|
|
 |
|
 |
|
Årsplan for Hegglandsdalen Skule
|
|
|
|
|
 |
|
 |
|
|
|
|
 |
|
 |
|
Informasjon om Hegglandsdalen Skule
|
|
|
Hegglandsdalen Skule er ein fådelt skule. Delte klassar, og arbeid på tvers av klassetrinna gjør at alle kjenner alle. Rektor og lærarane er på fornavn med både elever og føresette. Dette gjer at vi får eit lite og trygt miljø, som igjen legg eit godt grunnlag for utvikling og læring!
Skratt. Skratt er ein liten triveleg fyr som dukka opp ved skulen vår for nokre år sidan. Han har eit koseleg smil og er blitt synleg gjennom ein teiknekonkurranse på skulen. Etter dette har alle borna som byrjar ved skulen laga sin eigen vesle Skratt ved hjelp av stoff, tråd og fyllvatt. Men Skratt er eigentleg ikkje skapt for å vera eit kosedyr eller eit prosjekt i forminga. Han er laga for å fortelja noko om korleis vi vil ha det ved skulen vår. S = Samarbeid K = Kreativitet R = Respekt A = Ansvar T = Tryggleik T = Toleranse Seks gode ord som, ved å bli omsett i praksis, gjev oss eit godt miljø og flotte born.
Vi veit, fordi vi har sett det, at: * å få borna til å samarbeida med kvarandre og dei vaksne ved skulen, * å la borna få bruka kreativiteten sin, * å visa dei respekt, og læra dei å visa kvarandre respekt, * å gje dei ansvar, tryggleik, * å tolerera dei, og læra dei å tolerera kvarandre Det blir det flotte born av! Born som vågar å stå rak i ryggen og seia kva dei meiner Born som vågar å snakka i forsamlingar Born som er trygge på seg sjølve og andre
Prosjektarbeid. Nokre gonger legg vi opp til prosjekt som går på tvers av fag og alder, der elevane til slutt må laga ein presentasjon av det dei har gjort. Dette arbeidet vert nokre gonger synt fram på ein foreldre-kveld, eller det blir ståande framme på skulen som ei utstilling.
Hausten 2006 hadde 6. og 7. klasse eit spenstig prosjekt i Mat og helse undervisninga. Klassen kjøpte inn eit lam, og skulle sjå og delta i foredlinga av kjøtet fram mot eit ferdig måltid. Dei var med på slaktinga. Seinare vart delar av kjøtet røykt, før klassen hadde eit flott pinnekjøtmåltid like før jul. Dette prosjektet vart gjennomført med god hjelp frå personar i nærmiljøet.
Uteområdet. På nordsida av skulen har vi ein liten grusbane, på vestsida ein del leikeapparat, men det beste av alt: på sørsida har det kome ein ny ballbinge. Denne er sett opp på dugnad av foreldre, besteforeldre, medlemar i FAU og medlemar i idrettslaget.Dette har vore eit flott tilskot til uteområdet vårt, og ballbingen vert nytta i alle friminutt, i nokre gymtimar og sjølvsagt ein del på fritida. Nærområdet. På Hegglandsdalen skule nyttar vi nærområdet rundt skulen ein god del. Vi padlar kano, lagar leirplassar med gapahuk og bål, vi fiskar, går på tur, leiter etter insekt, blomar, lauv, byggjer snøholer om vinteren osv. I tillegg brukar vi personar som bur i nærmiljøet til skulen. Vi har vore på gardsbesøk, lært rosemåling, lefsebaking og andre ting.
Barnehage + Skule = Sant. Som næraste nabo har me barnehagen. Dette er både triveleg og praktisk for begge partar i kvardagen.
Barnehagen nyttar gymsalen og ballbingen hjå oss og vi vert inviterte på diverse arrangement i barnehagen. Dei minste klassane er med på for eksempel Lucia-feiringa i barnehagen, dei går òg turar saman med dei største borna der. Det hender òg at skuleborna hoppar over gjerdet og leikar litt saman med borna i barnehagen Hegglandsdalen barnehage og Hegglandsdalen skule er med i eit prosjekt for å lette overgangen for borna mellom barnehage og skule. Gjennom hospitering, samtaler og møter får dei tilsette ved begge einingane innsyn i arbeidsmetodane til kvarandre. Dette har vist seg og vera til stor nytte når borna kjem frå barnehage og skal ta til i skulen.
|
|
 |
|
 |
|
|